Foredrag og bøker
Nynorsk lesesirkel
Mandag 30. november 2026
18:00
Tidsplan: Dører 00:00
Sølvberget bibliotek og kulturhus
Stavanger
Arrangør
Sølvberget bibliotek og kulturhus
Send det på WhatsApp. Vennene dine svarer med ett trykk, uten å installere noe.
Om denne planen
Har du lyst til å lese meir på nynorsk? Bli med i nynorsk lesesirkel på Kiellandsenteret.
Om du er ny i nynorsk, eller berre ser etter eit høve til å prioritere lesing i kvardagen, er du velkomen til å bli med. Rundt langbordet i 4. etasje på Kiellandsenteret deler vi leseopplevingar og tankar om bøkene vi les.
Vi startar opp måndag 30. november, og snakkar om Vi har alltid budd på slottet av Shirley Jackson . Den gotiske klassikaren frå 1960-talet kom for første gong på norsk i 2026 og blei godt motteken av kritikarane. Også lånarane på Sølvberget var nysgjerrige: Boka hadde ei venteliste på om lag 70 personar då ho kom ut.
Lesesirkelen blir leidd av Universitetslektor Sigrid Sandemose og er eit samarbeid mellom Sølvberget og Stavanger Mållag.
Les boka på førehand og møt opp til ein samtale om boka. Arrangementet krev inga påmelding.
Komande datoar:
- 30.november - Vi har alltid budd på slottet av Shirley Jackson
- 25. januar 2027
- 22. februar 2027
- 5. april 2 027
Vi annonserer bøkene som skal lesast i god tid før den aktuelle lesesirkelen.
Også på Sølvberget bibliotek og kulturhus
Også i Stavanger denne helgen
Uoffisiell kalenderOpplysninger fra Linticket. Sjekk originalsiden for de siste endringene.













