Workshops
Kurs i japansk knivsliping
Lørdag 5. desember 2026
12:00
Tidsplan: Dører 00:00 | 100 kr
Sølvberget bibliotek og kulturhus
Stavanger
Arrangør
Sølvberget bibliotek og kulturhus
Send det på WhatsApp. Vennene dine svarer med ett trykk, uten å installere noe.
Om denne planen
Ønsker du å læra deg å slipa knivane dine på slipesteinar?
Kurset er for deg som vil slipa dine eigne knivar for hand på japanske slipesteinar.
Øystein Sandve bur i Sandnes og driv Knivsliperiet, på sida av arbeidet som lærar. Han har slipt knivar profesjonelt for hand sidan 2020, og har sidan arrangert fleire kurs i knivsliping, og no kjem han til oss på Verkstedet.
Kurset startar med ei teoretisk innføring om korleis vi set opp ein ny egg på kniven. Du lærer det grunnleggande om brynesteinar, korning og ståltypar. Kurset er praktisk, så du får rettleiing og hjelp med slipinga undervegs.
Mot slutten lærer du vedlikehold av slipesteinen, i tillegg til korleis du tek vare på den kvasse knivseggen.
Har du slipestein sjølv, ta den gjerne med og bruk denne, men ein kan òg låna ved behov. Desse (av typen Naniwa Basic 220/1000), kan kjøpast etter kurset til kr 425,- (som er ein god hundrelapp under gjennomsnittleg marknadspris).
Dette kurset gir eit godt utgangspunkt for vidare øving. Kurset passar best for begynnarar, men alle er velkomne til å delta, uansett nivå.
Også på Sølvberget bibliotek og kulturhus
Også i Stavanger denne helgen
Uoffisiell kalenderOpplysninger fra Linticket. Sjekk originalsiden for de siste endringene.













