Skip to main content
Plakat: Juleverksted med Baby

Workshops

Juleverksted med Baby

Onsdag 2. desember 2026

10:00

Tidsplan: 150 kr

Borggata 26

Stavanger

Veibeskrivelse

Arrangør

Leikekista AS

Kjøp billetter

Send det på WhatsApp. Vennene dine svarer med ett trykk, uten å installere noe.

Om denne planen

Små avtrykk – store minner!

Dei små hendene og føtene veks så fort. Kva med å forevige dei på keramikk?

Saman med Paraply Studio inviterer me til ein kreativ og koseleg dag hos Leikekista, der du kan lage eit heilt personleg minne med hand- eller fotavtrykket til barnet ditt.

Vel keramikkproduktet du ønsker å dekorere, og set ditt eige preg på det med små hand- eller fotavtrykk. Eit minne du kan ta vare på i mange år, eller kanskje den finaste gåva til besteforeldre?

Du treng ingen erfaring! Me legg til rette for ei hyggeleg stund, og Paraply Studio hjelper dykk undervegs.

Praktisk informasjon

Pris

Du vel sjølv kor mange keramikkting du ønsker å lage:

1 keramikkting: 655 kr

2 keramikkting: 1 050 kr

3 keramikkting: 1 445 kr

Påmelding: Du betaler 150 kr i depositum når du bestiller plass. Restbeløpet betaler du på arrangementsdagen, avhengig av kor mange keramikkting du vel.

Det er avgrensa med plassar, så hugs å melde deg på!

Frå små avtrykk til ferdige julegåver

Etter arrangementet tek Paraply Studio med seg keramikken for brenning. Dei ferdige produkta kan hentast hos oss på eit seinare tidspunkt, og me sørger sjølvsagt for at alt er klart til henting før jul!

Leik og kaffikos inkludert!

Inngang til leikeområdet er inkludert i prisen , så de kan kombinere den kreative stunda med leik og kos hos oss. Kaféen er også open for noko godt å drikke og bite i.

Me gler oss til å skape små avtrykk og store minner saman med dykk!

Også i Stavanger denne helgen

Uoffisiell kalenderOpplysninger fra Linticket. Sjekk originalsiden for de siste endringene.

Detaljer hos kildenKilde: Linticket

Arrangerer du noe i Stavanger?

Opprett en gratis grewp: påmeldinger, skyss til stedet, oppgaver og påminnelser på ett sted. Del lenken i WhatsApp-gruppen din.

Opprett grewpen din

Foreslå et arrangement